Desserten «164»

Her kjem Brita og Magnhild´s oppskrift på ein fantastisk dessert med Gudbrandsdalsost. Oppskrifta er etter inspirasjon frå Opplæringskontoret Brimi-kjøken.
Denne må berre testast ut!

Ingrediensar:

1/2 l kremfløyte
1/2 l mjølk
3 dl sukker
1 vaniljestong
7-8 eggeplommer (frå Gudbrandsdalsegg)
200 g Gudbrandsdalsost (G-35)

Framgangsmåte:

Kok opp kremfløyte, mjølk, sukker og vaniljestong. Rør inn G-35 så den smeltar i fløytemjølka.

Ha eggeplommer i ein bolle. Hell over ei ause kokt fløytemjølk og rør saman. Ha eggeblandinga over i resten av fløytemjølka og bland godt.

Sil røra. Ha over i eigna former.

Steik på 100 grader i 20-30 minutt. Ferdig når massa har stivna.

La formene stå minst 1 time før servering.

Håpar det smakar!

Helsing
Magnhild og Brita