«Eg skulle bli flinkare til å engasjere meg»

Geir Falling har alltid vore fast bestemt på at han skulle flytte heimatt til Skjåk.

Navn: Geir Falling
Alder: 24
Heimplass: Skjåk
Yrke: Kunderådgjevar hjå Sparebank 1 Lom og Skjåk

Favorittplass i Skjåk:
Det må vera Aura. Eg er oppvaksen i Aurmoen, og kvar sumardag det var fint vêr reiste eg og vener dit for å bade. I Aura hadde vi eit fantastisk badeanlegg med naturlege kulpar, sklier og hyller vi kunne hoppe frå. Ein bonus var om ingen hadde funne og plukka dei få markjordbæra som veks der!

Kvifor valde du å flytte attende til Skjåk?
-Det er enkelt og greitt fordi Skjåk er den einaste plassen eg føler meg heime. Eg er utruleg glad i å reise, og kan godt vera borte i lengre periodar, men det er likevel ingenting som slår følelsen av å koma heimatt. Mor mi kjem frå Toten og far min er frå Lom, men eg brukar å seia at eg er «50% totning, 50% lomver – men 100% skjåkver».

Familien min, faktisk omtrent heile slekta mi bur i Skjåk, og det er her eg har mine næraste vener. Nokre av dei har sjølvsagt fløtt ut for å gå på skule eller arbeide, men eg håpar og trur at mange av dei kjem attende. Her er det trygt, roleg, trivlege folk og mykje å finne på berre ein opnar augene sine!

Korleis opplevde du å kome heimatt?
-Godt! Da eg studerte på Gjøvik, gjekk eg alltid og tenkte på alt som var betre med å bu i Skjåk. Eg såg alltid fleire fordelar enn ulemper. Heldigvis budde eg saman med to andre skjåkverar, så det var ikkje så «heilgaLe» nedpå der heller. Likevel valde eg som oftast å reise heimatt til Skjåk i helgene.

Medan eg budde på Gjøvik bestemte eg meg for at når eg fløtte heimatt, skulle eg bli flinkare til å engasjere meg. Eg skulle bli flinkare til å seie ja, og delta på fleire ting som skjedde her. Det resulterte mellom anna i eit leiarverv i Marlo Grendehus vener. Dessutan har eg alltid vore interessert i politikk, utan å ha gjort noko med det før. No er eg styremedlem i Skjåk Senterparti, og vara til kommunestyret. Det er utruleg givande, og eg oppmodar fleire til å gå inn i politikken. Det er viktig at vi som bur i Skjåk nå, og som skal bu her i framtida er med på å fatte dei beslutningane vi meiner er rette for bygda vår.

Kva er det beste med å bu i Skjåk?
-Det beste med å bu i Skjåk er det at alle kjenner alle og at det er mykje trivelege folk her. Folk pratar til deg på butikken og helsar på deg når du møter dei. Du har ei sjanse til å bety noko her, og du kan vera med å utgjera ein forskjell. I ein by er det lett å bli borte eller forsvinne i mengda, medan vi i ei lita bygd som Skjåk har lettare for å bli sett. Eg føler at vi har ei slags «hugsott», at vi passar på og ser etter med kvarandre. Det ser eg på som trygt.

Det er dessutan mange aktivitetar og ting å vera med på her, berre du leitar og ser deg litt rundt. Vi har fleire små men aktive klubbar og foreiningar med flinke folk innanfor dei fleste område. Her har vi alt frå pistolskyting til sjakklubb, geocaching, diskgolf, gokart og rafting. Så må eg vel vera flink å nemne den flotte naturen vi har, slik som alle andre, sjølv om eg veit eg skulle vore flinkare til å nytta han sjølv.

Kva er det beste med jobben din?
-Det beste med jobben min er at eg får arbeide saman med gode kollegaer og får ha utstand med mange trivelege kundar. I jobben min har eg óg moglegheita til å bestemme ein del sjølv. Blant anna kan eg vera med på å bestemme kvar eg skal arbeide, vi har kontor både i Skjåk, Lom og Vågå. På grunn av koronaen har det naturlegvis ikkje vore noko særleg veksling mellom ulike kontor nå siste tida, det har òg vorte ein del heimekontor.

Var det lett å få arbeid når du flytte heim?
-Ja, det var lett. Før eg fløtte heimatt hadde eg allereie vore i kontakt med fleire arbeidsgjevarar for å ordne meg arbeid i Skjåk. Eg har alltid meint at ein skal søke på mykje forskjelleg arbeid, så ein får prøvd ulike ting.

Eg har aldri hatt problem med å skaffe meg arbeid her, men det er nok fordi eg har teke alle sjansane som har dukka opp for meg. Eg trur mange tenker litt feil, og at dei berre kan ta ei utdanning for så å gå rett inn i draumejobben. Sjølv har eg vore alt frå avløysar til lærarvikar, butikkmedarbeidar, journalist og nå tilsett i banken. Det har vore svært lærerikt, og det har gjeve meg mykje kunnskap eg har teke med meg vidare.

Beskriv di optimale Skjåk-helg!
-Eg er ganske spontan av meg og dårleg til å planleggje. Ei optimal Skjåk-helg er difor fylt av overraskingar der du ikkje veit kva du skal finne på før det plutseleg skjer.

 Kanskje ringjer nokon og ber meg med på bading om sumaren dersom det er horveleg vêr. Etterpå blir det ratt grilling og sosialt samvær til langt på natt. Eg er også av den gamle typa som likar at folk kjem på «frammon» til meg uanmeldt. Det er støtt triveleg med besøk, og sette seg ned for å prate og drikke kaffe. Ein hyttetur med gode kameratar ein plass i Skjåk er òg eit eksempel på ei fin helg.

Geir´s topp tre favorittar i Skjåk:

1. Alle moglegheitene vi har rundt oss
2. Bygdafolket
3. Dugnadsånda