Sygard Forberg

Sygard Forberg ligg sentralt i Skjåk ved Riksveg 15, ca. 2 km aust for Bismo. Rett over elva ligg Ofossen mølle. På Sygard Forberg har vi mangesidig gardsdrift; mjølk og storfekjøtproduksjon gjennom medlemskap i Einingje Samdrift SA, tørrhøy til hest og kalv, litt bygg og grønsaker (gulrot og kålrot). Hovudproduksjonen er likevel poteter. Vi produserer om lag 50 tonn mandelpotet og 15 tonn trollpotet av matpotetkvalitet kvart år. Poteter og grønsaker blir omsett gjennom gardsutsal.

Vi leverer: 
# Mandelpotet i fire forskjellige sorteringar: "Gourmetmandel" (vaska 15-35 gram), matpotet sortering 40-80 gram, matpotet sortering 70-150 gram, og stor mandel (over 150 gram). Standarpakningar er sekkar på 5, 10 eller 25 kg. 
# Trollpotet i to sorteringar: Matpotet sortering 42-55 mm diameter og Matpotet 55-70 mm diameter. Standardpakning er 25 kg. 
Vi kan også levere vaska og skrelte poteter. 
# Gulrot leverer vi normalt i 5 eller 10 kg sekkar. 

Sesong: Frå ca. 20. september til august året etter, eller så lenge lageret varer.  

Kontakt:
Telefon 90 15 00 82 eller sabjornf@gmail.com
Facebook: https://www.facebook.com/saebjorn.forberg