Skafferiet Kafé og Pub AS

Skafferiet Kafé og Pub er ein liten, triveleg kafé på kjøpesenteret i Bismo, sentrum av Skjåk.  Kom innom og nyt kaffe med heimebaka kaker.

På kafeen serverast det god, nybrygga, svart kaffe og te,heimelaga kaker og enkel mat. Nyt i triveleg lokale inne eller på uteserveringa. Skafferiet sel og kaffe, te og litt bryggeutstyr, samt noko søtt attåt. Kvar fredag er det open pub. Her er og gratis WiFi, for den som skulle ynskje å bruke dette.

 

Kontakt

Skafferiet Kafé og Pub AS

Skjåkvegen 1230, 2690 Skjåk

Tlf: +47 918 76 095

astgjert@online.no