På fottur i Skjåk

I Skjåk har vi over 200 km med merka turstigar i tillegg til fleire lengre DNT ruter.

Her kan alle finne ein tur som passar sitt nivå, frå fleire dagars fottur til ein halv times tur for å få utsikt. Dei fleste turane er omtalt i eit eige hefte "På tur i Skjåk", og med kart og detaljert skildring av turen frå start til mål. Du finn dei fleste av turane i Skjåk på Outtt.com eller UT.no

Du laste ned turappen, Outtt eller besøke nettstaden Outtt.com og søkje upp Skjåk. I app`n vil du finne dei mest populære turane i Skjåk. Fotturar, ski (toppturar, randoneé og langrenn) eller sykkel. Stadig fleire turar blir lagt til appen. Meir informasjon finner du her: Outtt.com