Hausttakk 2019

Hausttakk er ein marknadsdag i Bismo som blir arrangert kvar haust, i år blir det 5. oktober. Målet er å fremje lokal matproduksjon og mattradisjon, samt bygge vidare på tradisjonen om at utflytta skjåkverer og folk frå andre stadar kjem til Skjåk om hausten for å drive matauk for vinteren. Like viktig er det å skape ein martna der folk kan få kjøpe mat frå lokale matprodusentar i dalen og frå Vestlandet. Skjåkhallen er i år som i fjor marknadsplass.

Program i Skjåkhallen Erfaringa med å ha Hausttakk i Skjåkhallen i fjor, var så god at det fortsett vi med. Er det nokon som treng å stå ute av ein eller annan grunn, så er det fullt mogleg Tradisjonen tru har vi quiz i Skjåkhallen fredag den 4. oktober - quizmastarar i år er Olav Bruheim Kvåle og Tom Erik Solstad Marknad med utsal av m.a. mat og husflid laurdag 5. oktober. Gratis stand! I år blir det og kåring av vêrlam og gjetarhundoppvisning under Hausttakk Har du noko du vil selje, by fram eller underhalde med på Hausttakk 2019? Ynskjer du stand? Meld deg på innan 19. september til: info@skjaak.kommune.no eller telefon: 476 56 351 (Astrid Gjertsen) eller 414 14 644 (Elling Starrem) Vennleg helsing frå Komiteen