Fisketur i Skjåk

Skjåk byr på rike moglegheiter for fjellfiske både i og utanfor nasjonalparkane våre, og er blant Noregs beste område for sportsfiske.

Skjåk byr på rike moglegheiter for fjellfiske både i og utanfor nasjonalparkane våre, og er blant Noregs beste område for sportsfiske. Vi har over 200 vatn og tjønner frå nede i dalane og heilt opp til 1600 m.o.h. med ørret som einaste fiskeart. I tillegg er det ca. 250 km med fiskeførande elver. I nedste del hovudvassdraget er det både ørret og harr. Du treng berre å løyse eit kort for å fiske i heile Skjåk - og det vert seld på mange stader. Barn under 20 år fiskar gratis med stong. Fleire av vatna våre husar ørret av ypparste kvalitet.

Besøk Skjåk Almenning (som saman med Skjåk Utmarksråd forvalter fiskerettane) her.