Ein turapp for Skjåk

Dette er ein digital turguide for å planlegge turar, finne kart, bilde og informasjon om turmål. Outtt i Skjåk er eit samarbeid mellom Skjåk kommune og nasjonalparkane Reinheimen og Breheimen.

I 2016 vart mobilapplikasjonen Outtt lansert i Skjåk.

Dette er ein digital turguide som skal hjelpe både bygdefolk og tilreisande med å finne gode tur- og naturopplevingar der dei er. Her kan ein planlegge turar, finne kart, bilde og informasjon om turmåla. Ein kan også lage seg ein profil og dele turminne med andre som brukar applikasjonen. Outtt i Skjåk er eit samarbeid mellom Skjåk kommune og nasjonalparkane Reinheimen og Breheimen, og det er designar Merete Dagsgard frå Skjåk som har vore prosjektleiar. Det ligg allereie fleire, foturar, sykkelturar og om ikkje lenge blir det og ski- og toppturar (randoneè) inne i applikasjonen, og det vil stadig kome nye turar og aktivitetar. Aktivitetar som skal inn i Outtt Skjåk etterkvart er fotturar, toppturar, sykkel, kano, buldring, fisking, ski, overnatting og kulturminneturar. 

Outtt appen er gratis og kan lastast ned både til iPhone på AppStore og til andre smarttelefonar på Google Play.

Du finn også Outtt på web

------------------------------------------------------------------------------------------------------

The outdoor application (App) Outtt was launched in Skjåk 2016.

This is a digital outdoor tourguide that will help both local people and visitors locate great hiking and outdoor activities in Skjåk. Here you can plan your hikes, find maps, images and information about hiking destinations. You can also sign up for a personal profile (membership) and share your trips and adventures with other users using the application. Outtt Skjåk is a cooperation between Skjåk municipality and the  national park of Reinheimen and Breheimen. You can already find several hikes, bicycle trips and towards the winter period ski and randonee tours. All inside the app. It will be uploded continuesly new hikes and activities. You will in the end fin outdoor activities like hiking mountains, moutainbiking, canoing, bouldering, fishing, skiing, accommodations and heritage walks.

The Outtt app is free to download either to your iPhone through the AppStore or Google Play. for other smartphones.

Check outtt