Diktardagar 2017

31. august - 3. september er det Diktardagar i Lom, Skjåk og Vågå. Markens Grøde er tema i år. 

Det er 100 år sidan romanen Markens Grøde av Knut Hamsun kom ut. Derfor er det tema på Diktardagar i år. 

Nytt i år er seminaret fredag, som er tilrettelagt for elevane i vidaregåande skule og ungdomsskulen. Vera Henriksen ville fyllt 90 år om ho hadde levd, og Lisbet Lid Venås fyller 80 år i 2017. Begge vil bli heidra under Diktardagar 2017.

Tom Roger Aadland har omsett songtekstane til Bob Dylan til nynorsk og vil framføre songar på Festkvelden. Han vil og delta på seminaret der han skal samanlikne tekster av Knut Hamsun og Bob Dylan.

Billettsalet til Diktardagar startar 15. juli.

For program, billettar og meir informasjon om diktardagar sjå www.diktardagar.no

Arrangement i Skjåk under Diktardagar: 

Barnegruppa syng for dei eldre

Markens Grøde - kino på Skjåk folkebibliotek

Ragnhild Kolden les på Skafferiet, Skjåk kjøpesenter