Dønfoss Camping

Dønfoss Camping er rekna som ein av dei finaste campingplassane I Noreg, og den er verkeleg eit syn, der den ligg ved den mektige Dønfossen midt i dalen –midt mellom Geiranger, Stryn og Lom. Eit vell av opplevingar byr seg fram i nærområdet – både for den som elskar naturen – og for den som likar fart og spenning. På Dønfoss Camping kan du leige både hytte, leilegheiter og campingplass og teltplass. Men skund deg å bestille, for Dønfoss Camping er populær! 

Bading og leikeplass - og kiosk
På Dønfoss Camping er det eit flott, stort basseng og eit barnebasseng – rett ved den flotte Dønfossen. Det er vel overflødig å understreke at dette er eitt av dei mest populære tilboda for yngre generasjonar på sumaren. Men det er og mogleg å more seg utan å bli våt: På Dønfoss Camping er det nemleg også to leikeplassar med trampolinar, leikestativ, vipper, sklie, sandkasse og så vidare. Det er ein eigen kiosk der ein kan få kjøpt enkle daglegvarer - samt øl og burger.  
 

 

Kontakt

Dønfoss Camping

Nordberg Solside 964, 2690 Skjåk

Tlf: +47 612 14 898

info@donfosscamping.no

www.donfosscamping.no