Bruktbue

Sysselsetjingsgruppa i Skjåk, "Dei gode hjelparane", driv ein triveleg bruktbutikk i Skjåk som er på over 200 kvm - og har eit stort utval av brukte/gamle ting. Her skulle det vere lett å gjere eit "funn", anten det er gamle møbler eller interiørsaker, klede, sko eller bøker du er ute etter. Og er det noko du vil bli kvitt, tek gjerne Bruktbue i mot. 

Opetider: man-fre: 09:00-16:30 / lør: 10:00-14:00

Telefon: 904 07 922 / 920 22 825