For barn og familiar

Skjåk er ein flott plass å feriere med familien. Det er mykje å finne på for både barn og vaksne, i alle aldre. Kva med ein tur på hesteryggen eller ein tur til fots i nydeleg natur? Ynskjer dykk å fylle ein dag eller to med aktivitet i vatn er det moglegheit for både rafting, fisking og bading.

Bading

Sommaropen svømmehall - innandørsbasseng og badstue.

Dønfoss camping - campingplass med utandørsbasseng.

Bångråttjønn - badeplass med fin beliggenheit.

Biblioteket

Skjåk folkebibliotek - her finn du bøker, filmer, musikk, gratis internett og studiesenter.

Fiske

Fisketur - i Skjåk er det store moglegheitar for å få fisk.

Fjelltur

Fjellgeita - eit turorienteringsopplegg for barn, ungdom og vaksne.

Outtt - gratis turapp med fleire turar i Skjåk.

UT.no - nettstad med beskrivelse av turar og kart.

Geocaching

Geocaching - orientering og skattejakt med GPS

Gokart

NMK Skjåk - gokartutleie.

Marknadsdagar

Ståk I Skjåk- ein folkefest i Skjåk.

Hausttakk - marknadsdag med fokus på matproduksjon og mattradisjon i Skjåk.

Rafting

Lom & Skjåk Adventure- aktivitetssenter som tilbyr aktivitetar for heile familien, både på land og i vatn.

Ri på islandshest

Fjelleventyret - eventyrlege naturopplevingar frå hesteryggen. 

Skatepark

Skateparken - i Bismo senter finn du skateparken.

Skjåkutstillinga

Bøstugu og Galleri Mathilde - salg av gåve- og interiørartiklar samt Skjåkutstillinga som er ei salgsutstilling av kunst.