Akantus Blomster. Foto: John Arne Hovstad Balto

Akantus Blomster - Skjåk Gartneri

Akantus blomster held til i Skjåk Kjøpesenter og vert drive av Jon Sigurd Bøhle og Anne Grete Skjåk. Butikken har eit stort utval i potteblomar og snitt – og ein utfører alt av blomsterbinderi. Legg også merke til at du kan få kjøpt gåver og interiørartiklar her. Saman med sin «gode fe» Marit Borgen driv Akantus Blomster også ein viktig Skjåk-institusjon til, nemleg Skjåk gartneri – her er det sesongope til jul og på våren og sumaren. Gartneriet ligg lengre aust i bygda – køyr ned til Ånstad ved Skjåk kyrkje og ta mot nord, over brua. Gartneriet ligg i krysset rett oppi bakken ved Marlo Barneskule.

Besøk Akantus Blomster (Facebook) her. 
Besøk Skjåk Gartneri (Facebook) her.