Øya økocamp

Øya økocamp ligg idyllisk til på Storøya i Skjåk. 

Etter ei god natt søvn med elvesus i bakgrunnen kan du nyte ein god frukost i campingens paviljong. Du kan så ta beina fått og velge deg ein 2000meter-topp du vil gå i løpet av dagen. Brukar du bilen kan du rekke Galdhøpiggen før middag. 

Ynskjer de å grille ein varm og ljos sumarkveld medan elva renn svalande forbi? På tuppen av øya ligg ei jordgamme. Denne kan de leige og grille både inne og ute. 
Er du eventyrlysten, har Øya økocamp den berømte Skjåk-bølgja som næraste nabo, og elva er perfekt for både rafting og kajakkpadling.Det er og mange andre fine padleelver i Skjåk.

Campingen er gamal og erverdig. Den har teke i mot turistar sidan den gongen dei låg i telt og hytte. Etterkvart kom campingvognene og så bubilane. Hyttene er av gamal god årgang. Dei blir no restaurert etterkvart som tida tillet det. Møblane i hyttene er brukt og restaurert. Det er med andre ord ikkje to hytter som er like. 

Campingen fekk nye eigarer i juni 2018. Vi ynskjer å opparbeide ein campingplass som tilbyr meir enn berre overnatting. Som namnet seier satsar vi på ein berekraftig og økologisk livsstil og reiseliv. Du vil sjå at gjenbruk er viktig på campingplassen. Hytter, møblar og inventar er så langt det let seg gjere kjøpt brukt og restaurert. Vask av hytter og sengety blir gjort med miljøvenlege produkt. Kioskvarene er så langt det let seg gjere berekraftige, økologiske eller stuttreiste. Målet er å kunne drive ein campingplass som på sikt er så økologisk og berekraftig som vi kan få til. 
Vi ynskjer velkomne til fredelege dagar på Øya økocamp!

 

Kontakt

Brukrokan 13

2690 Skjåk

Tlf: (+47) 92 29 59 80

camping.oya@gmail.com