Å bu i Skjåk

Nysnøen ligg på dei høge fjella som omkrinsar den grøne dalen med den blå, brusande elva i midten. Fossande bekkar renn nedover fjellsidene og sola gjer at fargane kjem enda betre fram. Om du bur i Skjåk, har du dette rundt deg kvar einaste dag.

 

Går du med ein draum om å bu midt i den flotte, norske naturen? Om å kunne la barna vekse opp i trygge omgjevnader, med gode oppvektsvilkår og med friluftsliv som ein del av kvardagen? Da er Skjåk plassen for deg.

Skjåk kommune ligg i Ottadalen i Oppland fylke, mellom majestetiske fjell og flott natur som eignar seg godt for friluftsliv. Reinheimen nasjonalpark ligg i nord og Breheimen nasjonalpark ligg i sør. 

Her finn du meir informasjon om Skjåk kommune: skjaak.kommune.no